Litt om studio og Emergenzafestivalen i Bergen.

Det har vore lite interessant å skrive om her den siste tida, men det betyr ikkje at vi har lagt på latsida.  Vi har den siste tida jobba med å finansiere debutalbumet vårt, og det har vore meir fokus på søknadskriving og komponering av nytt låtmateriale enn booking av konsertar. No byrjar vi å komme i mål med den finansielle delen og er klare for å gå i studio så snart dei siste detaljane rundt gjennomføringa er klar.

Som mange har fått med seg, har Punch gått frå å syngje på engelsk til å spre bodskapen på vårt eige morsmål, noko vi verkeleg ser fram til å dele med folk. Om du skulle være ein av dei som er sparsommeleg på tuba med tolmod, og vil høyre meir norsk Punch snarast, bør du lese nøye vidare. Laurdag 22. september står nemmeleg Punch under scenelysa på Garage under Emergenzafestivalen. Denne kvelden treng vi faktisk god hjelp frå deg! Emergenzafestivalen er nemmeleg ein verdsomspennande konkuranse for band. I 150 byar rundt omkring i verda vert det gjennomført lokale innleiande rundar, semifinalar og finalar. Vinnarane av dei lokale finalane går vidare til ein nasjonal finale, der vinnaraen går vidare til ein internasjonal finale i Tyskland.

Grunnen til at vi treng akkurat deg til å hjelpe oss, er at det er publikum som bestem kven som skal gå vidare i den lokale konkuransen. Derfor håpar vi så mange som mogleg tek turen til Garage 22. september for å få ein større smakebit av det nye Punch på norsk!

Vi snakkast!

Klem.

 

 

 

FacebookTwitterGoogle+Del

Leave a Comment

Your email address will not be published.

*

Protected by WP Anti Spam