Oppdatering frå studio.

Den første dagen av dette relativt ferske året, gjekk med på å skrive ferdig musikken til vårt kommande debutalbum. No er vi i full sving med studioarbeidet!

2012 vart året der Punch gjekk frå å synge på engelsk til vårt eige morsmål norsk. 2013 vert året resultatet presenterast for folket, i det som vert vårt sjette år som band. Innspelinga av albumet starta i fjor haust, i Verdens Beste Stuido med Eirik Husabø bak spakane. No er musikken ferdig komponert og plata vil innehalde 11 spor vi håpar vil falle i smak hos konsumentane. Vi er for tida godt på veg i innspelingsprosessen, der Thomas nyleg har gjort seg ferdig med trommesporene for plata.

Følg med på Facebook, Twitter eller her for vidare oppdatering.

Vi har forøvrig også forvilla oss inn på Instagram, med brukarnamn @punchband. Der legg vi flittig ut bilete av mat og ungar. Neida, sjølvsagt ikkje. Dette vert ein kanal for oppdateringar frå studio og ellers relevante objekt for vårt virke.

Heilt til slutt legg vi ut låtlista for albumet. Følg med vidare folkens!

Lagt for hat.
Lange blikk
Ny kurs
Tidspress
At min taktikk
Tørsten kan slukkes
Offer for egen ild
Det sanne deg
Tomme trusler
Avvik
Begravd før si tid

 

FacebookTwitterGoogle+Del

Leave a Comment

Your email address will not be published.

*

Protected by WP Anti Spam